søndag 1. februar 2015

Eg har sett lyset

Endelig såg eg lyset


Det fantastisk flotte vinterlyset,
med snø utanfor og sol,
ikkje minst sol.

Det er ikkje så nøye om vindauga er reine,
eller om all skiten viser,
det er så nydeleg at eg bare må nyte
dagslyset i heimen min.


Vi fekk speilreflekskamera til bryllaupet vårt,
for snart 6 år sidan.
Det er nok den bryllaupsgåva eg har brukt mest.
Litt etterkvart har eg lært meg å bruke det,
og eg ser jo at det var bra å kjøpe det
kamerastativet som mannen kjøpte på netthandelen til 100 kr.

Desse bilda har eg ikkje redigert,
og eg har fått dei sånn eg vil med kamera.
Stolt av meg sjølv og klapp på skuldera.




I helga har eg og tullemor vore aleine heime,
og du anar ikkje kor deiligt det er å ha det 
reint og ryddig,
utan at nokon kjem og rotar ting til.
Her oppe iallefall.
Nede har tullemor hatt kafè i kjellarstovo, 
og alt på rommet var flytta ut der.


Eg blir bare meir og meir glad i lampane mine.
PH lampar frå Louis Poulsen,
originale sådan.


Er stort sett glad i alle tinga mine,
jepp eg er ein materialist.
Har store problem med å kvitte meg med ting,
sjølv om eg burde enkelte ganger.


Sånn er utsikten min frå kjøkkenbenken.
Nydeleg spør du meg.

Nyt ny veke og ny månad alle saman.

Legg gjerne igjen ein liten komentar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar