lørdag 19. april 2014

Påsketid


Litt påskepynting må til, 
særleg for ei som elsker å pynte og 
flytte litt rundt på alt!!

Då eg byrja blogge for 5 år sidan,
hadde absolutt ALLE desse egga frå 
Maileg, gjerne i tillegg til 
Maileg-kaninene.

Eg haldt meg til egga,
og putta på litt Green Gate egg.



Puta frå ByNord har jo og noko "påskeaktig" over seg,
med egg i reir.



Gult er fargen som høyrer påsken til.
Eg har ein kasse merka med påske,
og her har eg litt pynt, lys, påskeegg og 
pynt som ungane har lagar.



Dette må jo vere påskeharen!


Eg smiler kvar gong eg ser på denne gjengen her....

Er det mulig å få noko meir sjarmerande?!?

Den gule heitter "Påske-LOL" og den kom junior heim med for nokre år sidan.
Den gule heitter "Påske-Turid" og den laga tullemor i år.

Dette er den mest sjarmerande pynten,
og den skal eg ta vare på til dei vert store og vi kan smile av dei i lag.

Her hos oss er det strålande sol og varmt.
Mannen, som skulle på jobb,
er heime enda og vi nyter denne ekstra bonusen.

Alt for mykje god mat,
lange gode turar,
påskerebus,
bok og kryssord,
er bare noko av stikkorda for denne fantastiske påsken.

God påske vidare til dåke alle!

1 kommentar:

  1. Flotte bilder!
    Høres ut som en fin påske.
    Nyt kvelden.
    Christinaklem

    SvarSlett