fredag 17. januar 2014

Friskt

Friskt inne og ganske så friskt ute denne helga.
Det bles stiv kuling og det som verre er.

Grøne planter er friske innslag i mitt ellers så svarte og kvite interiør.
Eg likar grøne planter veldig godt, men eg får dei ikkje så godt til.
Det nye huset vårt har vannboren varme, 
og eg trur innelufta vert nokså tørr.
Prøver å dusje dei innimellom,
og vatne ofte.....

Går likevel på med friskt mot igjen.


Joda, julepynten er vekke,
men eg har ikkje pakka vekk alle trea mine.
Dei er på ein måte ein del av julepynten,
men på ein anna måte ikkje.

Eg har dei litt til, eg.

Desse fekk eg av mamma,
nydelege.


Hay DontLeaveMe bordet mitt er favorittmøbelet.

Enkelt, lekkert og anvendelig.

Har ommøblert litt i kveld,
og no skal eg finne senga!

God helg alle fine lesarar.

Eg er på Instagram og, som
@kvardagsgleder

2 kommentarer:

  1. Ein kikk innom før eg tar kvelden..
    Eg elsker og Hay bordet mitt,og synes det er kjekt å få tips til koss eg kan pynta det:-)
    Litt grønne planter må inn hos meg og,og de lever i faresonen ;-)
    God helg♥
    Klem Charlotte

    SvarSlett
  2. Slit og med grønne planter i periodar, men så i andre periodar er dei grønne og fine. God på nødhjelp ;)

    God helg til deg!

    SvarSlett