lørdag 20. april 2013

Draumen min er....


Å leve litt som Carrie Bradshaw...

Tenk då, 
å ha den garderoben,
kunna gå med 10 cm høge hælar,
heile tida....


Når det toppar seg i heimen med rot,
skitne støvlar,
våte regnkle,
Lego,
sokkar,
bøker og blad,
sand,
smular,
glas og skåler




PÅ PLASSAR DEI IKKJE HØYRER HEIME




Ja, då er draumen ein eigen leilighet eg kunne ha 
rømt til ein dag og to i veka,
bare vore meg,
ingen som rota eller skitna til,
der alt var på stell.


Medan eg trenar ser eg på "Sex in the city",
to episodar i slengen.
Eg drøymer meg vekk til designkle og høge hælar....
No har eg sett alle, begge filmane og....

Har kjent på gledene og sorgene til Carrie,
fulgt ho gjennom mange kjærleiksforhold, 
hennar store kjærleik Big, 
bli forlatt ved alteret,
kjærleikssorga,
finne tilbake til han,
og faktisk få han! 
Åhhhh

Men og frustrasjonen og "tomheten" ved å bare vere "dei to".
To vaksne, utan born,
i ei perfekt leilighet,
med designkle og høge hælar....

Kva no?

Ei eiga leilighet å "rømme til" når det vert "for tøft" i forholdet mellom dei to...

Vil eg bytta?

Nei, eg vil jo ikkje da. 

Eg har ein mann som elskar meg,
to små som ikkje kjenner ei betre mamma,
eit fint hus med praktiske løysingar,
eg har støvsugar og vaskemaskin.
Eg får jo vondt i beino når eg går i 4 cm høge hælar,
og trives jo best i joggebuksa og strikkasokkar.
Av og til er huset reint og ryddig, og eg får ein time åleine...

Då saknar eg jo fort det daglege,
dei som er rundt meg.
Eg tåler jo litt rot og sånt,

men draumen er der.

For er ikkje graset alltid grønare på andre sida?

Carpe Diem.







fredag 19. april 2013

Klubb


Onsdag var det til for klubb,
 og 10 flotte damer var samla.
Eg hadde laga tapas,
og eg kjenner eg vert svolten bare eg tenker på maten....
Nam nam
Gløymte sjølsagt å ta bilder av maten.. er det ikkje typisk...?


Eg synst det er kjekt å pynte litt ekstra når eg får besøk.
"Bordekkinga er halve måltidet", vert det sagt.
Kven likar ikkje å komme på besøk,
når vertinna har lagt seg litt "i selen" for å ønske velkommen??!!
Det gjer iallefall eg.



Denne flotte damask-duken kjøpte eg på Europris for 15 år sidan, til sånn ca 99 kr.
Er det mulig?? 

Den helde seg lika fin, vask etter vask,
er aldri rukkete,
og passar likegodt på julafta som i barnebursdag.


Finaste serviettane frå Bloomingville.
(som eg fekk hos enda finare Evelyn)

Kunne ikkje legge bestikket på dei, for då ville dei ikkje vist....
Måtte finne på noko nytt,
og ramma liksågodt inn eit hjarta på den måten!


Nydelege peoner friska opp på bordet,
i fine fasettvasar frå Bolia.

Svart, kvitt, sølv og cerise-råsa vart perfekt oppdekking på ein perfekt klubbkveld med gode veninner.


søndag 14. april 2013

Bolia på veggen


Det gjeld å sjå mulighetane.
Saman med sofa og bord, kom ein katalog frå Bolia.
Eg var på vei til å kasta den i bosset, men bladde nett litt igjennom den.
Mange flotte bilder av mange av dei flotte produkta dei sel.


"Your home. Your Rules"

Eg gjer nett kva eg vil....


Med washi-tape, kan ALT hengast opp på veggen.

nesten alt iallefall


Tøft på veggen.


Etter lang tid med sol og fint vær,
er vi tilbake til det normale i dag.
Vind og regn. 
Hagamøblane fyk rundt på altanen.

Vi er inne, ser på film, bake, bloggar,
og no er det snart middag!

Super søndag til alle saman,
og velkommen så mykje til nye følgarar!