lørdag 2. november 2013

Nyvaska




Av og til må det bare gjerast.
Golva må vaskast.

Det er omdiskutert om ein skal bruke vatn, såpe, microfiber eller ikkje...

Ja, dei lærde strides.




Hos oss vert det støvsugd fleire gonger i veka.
Ein aktiv familie med to born og ein mann i huset,
ja, sånn er det bare.

Eg bruker vaskefiller frå Nille, både til kjøkken, støvtørking, golv og vindauge.
På golva mine bruker eg lett fukta microfiber mopp, der eg har spraya på ei godt utblanda blanding med zalo, eddik og vatn.
Det funkar her hos oss,
men desverre har eg golv der det lett vert "feittmerker" på.... 
det er ei plage for ei som likar å ha det reint og fint rundt seg.

men nok om da...


Sist helg vaska eg huset skikkelig.
Då rydde eg alltid og, sånn at vi får ein følelse av skikkelig nyvaska hus.

Nytta sjangsen til å ta bilder i dagslys og.


Golvteppet frå Pappelina er forlengst flytta tilbake til tv-stova.
Fargen vart heilt feil her inne.
Nett no er eg teppelaus i stova,
og det plagar meg.

Har eit ynskje om eit lyst med litt grått i.



Ojsann, opphenget til Vita-lampa mi er visst ikkje kommen heilt på plass.
Men eg trur lengda er rett no,
så mannen kan visst bare klyppa ledningen no.

No er ikkje huset nyvaska lenger,
(det varer desverre ikkje så lenge...
og vi har ei skikkeleg heimehelg denne helga.
Møkkavær ute i dag, men eg har nytta dagen til å vere med vener 
eg ikkje har sett så mykje til i det siste.
Det er alltid kos.

2 kommentarer:

  1. Koselige bilder <3 flink du er... I går rydda eg inni alle skap og gikk gjennom alle klær osv. Deilig å få gjort. Så no ser d ut så ei bomba har gått av her... Lol :) :)
    Fine ståvo di :)

    Klems Diana <3

    SvarSlett