fredag 9. august 2013

Nett som nytt igjen


April, mai og juni har gått så fort i år. Trur det har med jobben eg har hatt siste året,
der desse månadane er høgsesong i hagesenteret.

Medan eg låg på ei solseng på Rhodos, såg på interiørbilder på Instagram,
så byrja interiørinspirasjonen å boble i meg.

Ein kveld i sist veke, tok eg å samla alle lausøyre i stova på spisebordet,
og byrja setje ut og stæsje litt på nytt.



Hylla Expedit frå Ikea føl meg rundt i stova.
Synst den passar godt inn hos meg, og eg får plass til mange av dei fine tinga mine i den.

Nydelege Mugtail.
Kâhler vasane  
( den store er det til mi store sorg, ei sprikke i.....)

Fasettvasane frå Bolia
Eska frå Søstrene Grene med Ferm-living inspirerte ruter på.


Eg var på Bohus på måndag og då vart denne flotte lysestaken med heim.
Joda, eg ynskjer meg framleis ein Kubus lysestake,
men i mellomtida sklei denne perfekt inn i interiøret mitt!



DIY - bilde.

Eit dobbelt kort frå Søstrene Grene vart bretta ut,
og plassert i ei ramme.

Utruleg lettvint og kreativ kunst!


Det er ikkje rom for så store ommøbleringar i stova mi,
men eg er veldig nøgd med sånn den er no.

No ventar eg i spaning på om Bohus kjem med det eg kjøpte der på måndag...

Vent å sjå!

Fin fin fredag til alle flotte lesarar der ute.

5 kommentarer:

  1. Smart kommet på med det bildet. Mitt siste påfunn er scrappeark som bilde i ramma!

    SvarSlett
  2. Knallfint, diggar den nye lysestaken din :-).
    See you :-)

    SvarSlett
  3. Så kjempefint du har det,nydelig ❤kjekkt p skifte litt om på det ein har!

    God helg til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  4. Fine stua!
    Klems Diana

    SvarSlett
  5. HERLIG STÅVA DU HAR SOLVEIG
    FINE VEKA TIL DEG
    KLEM ELI:)

    SvarSlett