onsdag 14. august 2013

Lovebirds om hausten


Eg kan aldri få nok fine kjøkkenhandkler.

I dag er siste sommarferiedagen for mange, og i morgon startar KVARDAGEN på skikkelig.
Det er kaldare i været, mørkare om kveldane og eg har byrja selge lyng på butikken.
Det er alle tydelege teikn på at hausten er her.


Her i huset har eg ein som byrjar i 4. klasse i morgon.
For nokre år sidan hadde eg sommarfuglar i magen, 
og eg synst 5 åringen min var veldig liten der han stod klar med ny sekk på....

I morgon kjem han til å sykle aleine til skulen, 
med ny sekk denne skuledagen og.
Eg treng ikkje følge han, og eg har ikkje sommarfuglar i magen.
Eg er trygg på at han klarar seg bra.

Tullemor skal (heldigvis) gå eit år til i barnehagen,
men er meir klar til å bli skulekamerat enn det broren var.

Mammo i huset byrjar måndag i ny jobb.
Ho skal jobbe i fellestenester i kommunen, 
noko ho ser veldig fram til.
Jobben i barneverntenesta er sagt opp,
ein epoke er over,
ein ny er i startgropa.


Uansett korleis ting vert,
ser eg fram til tida som kjem.

I tillegg skal eg vere med å arrangere "Barnas Dag" her i Omvikedalen den 7. september, "Jul i Rosendal" og få i gang ulike trimgrupper i bygda.

Mykje som skjer, og eg gler meg til å få hausten i gang.

Hus, interiør og andre KVARDAGSGLEDER,
kjem det til å komme mykje av framøve og.


2 kommentarer:

  1. Å SÅ SPENNENDE MED NY JOBB
    ØNSKER DEG LYKKE TIL
    NYT SISTE FRIDAGENE
    KLEM ELI:)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ny jobb! Lykke til :)

    Ønsker deg en fin kveld,
    Klemmer fra Jatte♥

    PS: Har en konkurranse gående på bloggen der du kan vinne gavekort fra zalando.no, bli gjerne med :)

    SvarSlett