søndag 7. juli 2013

Sommarfesten


Sommarfest = 
rosa sjampanje
i stettaglas
Fine sommarkjolar
Blide jenter
Dansemusikk frå Sonosen

og ikkje minst sol !!

Den der "dalatrekken" kunne vi klart oss utan....




Altanen var pynta til fest.


Nytt solsegl frå Biltema gav litt lunhet i sofagruppa,
og så gjer da sånn sydenstemning.


Putekassane fekk duga som buffetbord,
med råsa voksduk på.
Som vanleg gløymte eg å ta bilde etter at all maten var på;
Reker med masse godt tilbehør!!


Fyrste festdeltakar i strålande humør, 
med bobler i glaset, sommarkjolen på
og neglene snart nylakka.

Dette var bildet eg har fått lov å bruke,
det er MANGE bilder på kamera, som eg ikkje er heilt sikker på om egnar seg her.

Men gu kor mykje løye vi kan ha da i lag.

Mann og barn er på telttur,
og blei rett og slett ei natt til.
Eg er aleine heime!

No skal eg hive meg på sykkelen og trimme litt!

Goood søndag vidare til alle.



2 kommentarer:

  1. åååå Solveig , takk for heile dagen i går! Mykje lått og løye både på tur og på fest :) Gler meg til neste gong ;)

    Reidunn

    SvarSlett
  2. Så herlig uteplass,der såg det ut til å være kosligt:))
    Kos deg med fridagen!
    Klem Siv Mette

    SvarSlett