lørdag 24. november 2012

Julerose


Litt pynt på trappa, i det nydelege været som 
var innimellom i dag.
Og no er det måneskin, kjempeflott.
Gå ut og nyt det.


Eg skal vise deg ein enkel måte og pynte opp ei julerose
(eller andre blomar både inne og ute)


Ta av plastpotta



Finn mose i skogen, då helst den som ligg på steinar.
Eller kjøp den i blomabutikken.



Surr mosen rundt potta på blomen


surr rundt vikletråd eller anna streng,
til mosen er godt festa eller du har fått dekoren du ynskjer.

Julerosa treng vatn. Då tar du heile blomen, med mose,
og vatnar den i vasken.

Såg du kva eg hadde brukt til potte på svibelen?
Ja, hermetikkboks!
Gjenbruk og dekorativt.

Nyt måneskinnet og laurdagskvelden!



Sånn på ein laurdagsmorgon


Før de hadde tenkt tanken på at de ville stå opp,
aller minst gå inn på nettet og sjå på bloggen min....
så skulle eg redigere den litt.


Å starte på eit slikt prosjekt når IT-ansvarleg er reist på jobb,
ja, det er eit risikoprosjekt.


Difor er det no ingen bilder i min layout,
håper de vil følgje meg vidare forda. LOL...
Håpar det er innlegga som er interessante for dykk!! 


Har leika meg litt med kamera og oppstillingar.
Det viser at eg har for lite å gjere på...
eller "må ha noko å gjere på heile tida...."


No skal vi gjere oss klare til kakemannbaking.



God laurdagsfrukost til dykk alle!


fredag 23. november 2012

Den store juleboken


Dei siste 4 åra, har eg abonnert på
Den store juleboken
frå Bo Bedre
( som foresten er mitt favorittblad for tida)



Boka kjem i slutten av november kvart år,
og skuffar aldri.


Her er tips dag for dag i desember,
både i høve blomar som på dette bildet,
innpakking, kortlaging, baking, turar, ja eg e overvelda.



I år er det mykje lærk i pynten. Bra for meg.
Denne "kreasjonen" her skal eg kopiera.
I fjor fekk eg nemleg verdens finaste sølvkongle ( ByNord)
frå svigerinna mi!!
Og oppi eit 2 liters Norgesglas, må dette bli bra.
Kjem nok til å blogge om det og. LOL...




Favorittlyktene på begge sider.
"Åhh som eg ynskjer meg Holmegård lykter!


Kva med å ha bilde av favorittjuletreet?


Bilder litt fram og på tvers i dag, men fint likevel!

Såg du at eg hadde snike med meg ein julablom heim i dag?
I måro skal eg pynta ei jularosa, vent og sjå!!

God fredag alle fine lesarar!

torsdag 22. november 2012

Førjulstid


Samme bildet som i går, som bare var ein test. Eg ler!



Bloggen min har plutseleg endra språk til dansk.
DANSK.
Uansett kva eg gjer, så er den på dansk.
"Udgiv" "Gem" "Planlægning"
bare le du
da gjere ikkje eg.
Men eg lar da ikkje stoppa meg!!


Og som om ikkje det var nok,
eg har fylt opp bloggen med bilder IGJEN.
Løysinga vart denne gangen å bruke Picasa Webalbum.
No må eg laste bilda opp i dette albumet, før eg kan legge det på bloggen.
Litt meir arbeid, men det kostar ikkje noko.
Og tar eg ikkje heilt feil, er det eit redigeringsprogram der, sånn at eg kan lære meg det og.
Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.


Brettet eg har på kjøkkenbordet for tida.

Eg er så klar for å starte julepyntinga...
men skal vente til neste helg,
trur eg. 
stjernene er klare for å hengast opp i vindauga,
lys til adventstaken er kjøpt inn ( kvite i år og!)
lysa på juletreet ute er festa på,
treng berre setje i kontakten.

Og eg har sett lerk i vinballongen,
klar til å henge opp desse fine stjernene.

I måro trur eg at eg må blogge om den nye juleboka til Bo Bedre.
Inspirasjonen i boka er bare såååå MEG!! 
Gler meg!


søndag 18. november 2012

Søndag


Det er mykje flott inspirasjon å finna rundtom på bloggar,
men og i heimane til veninner.
Denna stjerno hadde eg ikkje komt på å laga,
hadde da ikkje vore for at Diana med bloggen Mydream viste meg korleis.


Så medan det var ei roleg stund på jobb i går, fann eg nokre 
plastikkgreiner (ja du leste heilt rett), sidan eg ikkje hadde vore ute og funne greiner og 
tørka dei.
Så med limpistol og sølvtrå fekk eg den saman.

Synst folk såg litt rart på meg då eg bar den forsiktig rundt på matbutikken etterpå,
he he, ja, gadd ikkje ner i bilen med den fyrst. LOL.


Nydelegaste amaryllisen som eg fekk på måndag,
eg blir ekstra glad for å få blomar,
sjølv om eg jobbar med det til dagleg.


Finaste glasboksen eg har "fått" ( les; eg skal betale for den)
Pynta med dei flotte konglene eg henta i skogen tidlegare i haust og har tørka i vekesvik.
Men jammen vart dei fine til slutt.


Og så, til slutt må eg visa den flotte gåva eg fekk i går;
UGLELYS

Tusen takk, det var perfekt!!

Ingen god søndag her i huset, sånn egentleg,
men det skal de få sleppa å høyra om,
eg har nok med å takle det sjølv.
Ja, eg var på fest i går og då kan de tenkje dykk resten....