lørdag 18. august 2012

Jentetur


I veka som var, reiste eg og to veninner på jentetur til Oslo.
Målet var konsert i Telenor Arena med denna flotta damo.

Vi hadde kjøpt Golden Cirkel billettar og trudde difor at detta skulle bli ein
 større konsertoppleving enn sist.

Desverre hadde omtrent alle andre og slike billettar, og det vart ikkje slik vi hadde håpa.
Men eg takka genene for at eg er 174 cm, slik at eg såg det meste som skjedde og eg 
såg Madonna skikkeleg.
Eg fekk ein betre konsertoppleving enn sist for 4 år sidan, med tanke på at 
det då regna, lynte og tordna og eg stod heilt bak på Valle Hovin.


Denna flotta damo fekk alle dei andre sjå og.
Med vin i glaset blir ho enda finare.


Mmmm, lunsj på Paradisio på Grûnerløkka, 
etter hot tips frå Malena ( Takk igjen :-)


Kosleg butikk som denna flotta damo likte seg godt i.


Til slutt enda dagen med oppladning med litt forfriskane Mohjito på Karl Johan.

Slike turar gjer meg vitamininnsprøyting for kvardagen ellers.

Takk jenter for ein flott tur!!

søndag 12. august 2012

Kontrastar


Denne helga har vi vore på hyttetur.
Det er store kontrastar til det vi til dagleg lev i.
Det gjer godt for kropp og sjel.
"Familien" frå 1970 gjer hytteopplevinga komplett.





Dagens høgdepunkt er når Gjøken kjem ut og seier koko, kvar halve og heile time faktisk.
(og når eg tenker etter, så seier den det sikkert endo, for eg glømte å stoppe den!)


Nyplukka blåbær, rørt med sukker og ha oppå pannekaker. 
Nam nam


Fisk fekk vi og. 
Ser du at sola skin??
For det gjorde den, heile dagen, kvelden og nesten til natta.
Skodde då vi vakna i dag, men då vi tok morgonbadet kl 08.00, 
var det litt sol innimellom skodda.
Ein flott tur, som skal gjentakast snart!