lørdag 10. desember 2011

10. desember


Bunadsokkar i ny variant! 

Eg e heldig som har ei mamma, som når eg ynskjer meg noko innan strikking, så lagar ho det. Ho er kreativ og flink. Draumen hennas var nok at eg skulle lære alt ho kan, med brodering, hardangersaum, strikking, hekling, sying osv. Eg er ikkje heilt der, men e prøve.


Dette er det siste ho laga til meg, og eg er veldig fornøyd.

Takk, mammo mi.

fredag 9. desember 2011

9. desember


Ein himmel full av stjerner?


Sidan eg ikkje fekk det til sjølv, er det godt at nokon andre gjer det.




Kjøpt på "butikken" til Rosendal Turisthotell under "Jul i Rosendal". Besøk gjerne bloggen deira ved å klikke her. Så finn du mykje inspirasjon og noko som pirrar smakslaukane innimellom!


Litt Uhu må vi ha. Kjøpt på ein blomabutikk på Etne Senter.


Fantastiske stjerner, laga av avispapir. Eg e imponert. Men ein gong....skal eg klara sjølv!

God helg alle saman.

torsdag 8. desember 2011

8. desember


Sjølv om målet er å ha eit "julete" innlegg kvar dag i desember, klarar eg ikkje la vere å vise huset vårt.

No er det snart ferdig gipsa, og vannrøyra i golvet er på plass.


"Trappa-holet"

På den lange veggen til høgre, skal vi ha "betong" tapeten til Storeys. 


Som denne.



Her kjeme da Mano Høyglans frå Kvik, med "betong" benkeplata.

Hekta på betong??



Her er fargeprøvar. Det blir den inni kroken til venstre, Letthet frå Jotun. ( Eg ville ha den kvite heilt til venstre, men mannen synst den vart for kvit...)

Den grå, Valmuefrø, skal vi ha på soverommet.


Fina stovo mi.

Eg har vore på møte i Haugesund i dag, og då nytta vi sjangsen til å gå på Kvik og "bestilla" kjøkken. Så no e da snart i boks. Må bare sjå prisen fyrst...

Det vart ein mørk og stormfull aften her i dag...

onsdag 7. desember 2011

7. desember


Heime i dag og. Junior er litt pjusk enda. Og kva gjer vi då? Jo, vi nyttar tida og minusgradene godt!

Kokosbollar. 

Oppskrifta og framgansmåte finn du her


Endeleg eit bilde av 7 åringen min, som fekk skateboard og hjelm til bursdagen i går!

Eg er klar for klubb i kveld. Gler meg!

tirsdag 6. desember 2011

6. desember


I dag skulle eg hatt eit innlegg med ein strålande nøgd 7 åring, som har fått nytt skateboard og skatehjelm. Og han er svært nøgd med gåvene, det er berre det at han er sjuk. Han har feber, er svimmel, kvalm og har nok fått brannkoppar. Ja, ja, sånn er det. 

Eg er heime frå jobb i dag, og har nytta dagen til å bake litt julekaker. 


Men eg må og skrive noko om boka "Julero" med CD av Helene Bøksle og bileter av Bjørg Thoraldsdottir. Eg er så heldig at eg har fått "oppleve" begge desse damene, kvar for seg. Fredag var eg på konsert i kyrkja med Helene Bøksle, ein fantastisk konsert. Og tidlegare har eg vore på utstilling med Bjørg Thoraldsdottir, der ho sjølv var og opna den og fortalte historien sin. Utruleg skjønne damer begge to.

No skal eg lage pizza som bursdagsbarnet har bestilt, og hente heim tullemor frå barnehagen!

mandag 5. desember 2011

5. desember


Pikekyss eller sukkertoppar, som vi kalle da!


Ser meir ut som brystvorter spør du meg. Eg har no prøvt iallefall. Betre lykke neste gang!


Ny voksduk har eg og kjøpt til jul, på Princess. Eg "mista" ei ferge frå Skånevik sist eg var på tur. Grunnen til at eg "mista" den, var at eg var innom Ølen Møbler...Eg stoppa difor på Etne Senter, noko som var ein positiv overraskelse. 4 julegåver vips oppi posen, og ikkje minst voksduken med matchande kjøkkenhandkle!

søndag 4. desember 2011

4. desember



E du klar for kamp?


Dei raude mot dei gule




Dei raude tar innpå


Men dei kan ikkje vere for trygge


Her er ingen klar vinnar


Hey, dei gule er i mindretal. Eg trur ein er skada.

Her er vi klare for å feira 7 års dag. Dagen er på tysdag, men han ville feira den i dag. Og som de skjønar; tema er fotball!!