lørdag 25. september 2010

Eplemuffins og make up kurs

 På torsdag hadde eg make-up kurs med Mary Kay produkt. Eg bakte då litt muffins til dei som kom. Og restane fekk kollegane mine på fredag! Og formene frå Green gate var heilt supre.

Oppskrifta tenkte eg eg ville dela med dåke, for dei var veldi gode:

50 gram smør           Smelt og avkjøl
2 egg
2 dl sukker               Pisk til eggidosisi
3-4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver        Bland i det tørre, vekselvis med smør og mjølk.
1 dl mjølk
2-3 epler                  Ha i muffinsformer, stikk eplebåter i, dryss på kanel og sukker viss du ynskjer det.
sukker og kanel til pynt.

Steik midt i ovnen på 225 grader i ca 20 min.


Og her er resultatet etter sminkinga. (smil med nerovermunn? den var ny.....)

Eg vart veldi nøgd, og handla sjølvsagt litt!

tirsdag 21. september 2010

Kven sa at ho ikkje er ei prinsessa?


Eg må bare visa desse bildo her. For eg har jo ei prinsessa! Og eg trur ho følte seg som ei og.




Anledningen var bursdagen til ei veninne som blei 4 år i dag.


Og eg trur det gjorde inntrykk både på ho og andre dette i dag. For eg fekk nett ein sms frå ei anna mor, som hadde fått fortalt av si dotter at prinsessa mi hadde så fin rosa kjole på seg i dag.




Og ellers så har eg fått spørsmål om korti eg får tid til å blogge? Og svaret på det er at eg går mykje å tenker på kva eg kan blogge om. Eg har alltid kamera klart på kjøkkendisken, sånn at eg kan knipsa kjapt. Og innlegga vert ofte skrivne mens eg ser på tv etc.