lørdag 21. august 2010

Ka for eit hus skal vi bygga??

Alle desse husa er henta frå HIBA hus si nettside.

Eg vil ha mykje vindauge, høgt under taket, og mykje skapplass.

Men det er vanskeleg dette her. For det skal passe på tomta, ikkje vere for dyrt (eller har det noko å sei dersom det er draumehuset??) og praktisk med to born.

Eg er på vei til å droppe vinterhagen min med glastak...eg er litt usikker igjen. Og min kjære mann er på jobb i nordsjøen, og tenker og tenker og teikner og teikner....og vi snakkar mykje hus og løysingar, men vi kjem liksom ikkje heilt i mål....eg synst dette er vanskeleg. 

Og det er laurdagskveld med mine søte små som eg er så glad i. No ete dei seg mette på lørdagsgodteri framfor barne-tv....og grandisen får eg sikkert ha for meg sjølv i dag...Ha ein fin lørdag alle saman!

torsdag 19. august 2010

Ny veske!


Eg måtte bare....då eg fann denne på nettbutikken til annajohanna!!

Og det er jo to vesker i ei!! For eg kan bare vrenge den, så har eg nytt design. Den er presang til meg sjølv for pengar eg fekk til bursdagen!
Og i tillegg fekk eg denne vesle overraskelsen

og eg elskar jo slike uventa ting!!

Og sjølvsagt hadde eg den på jobb i dag!! I Love It!


onsdag 18. august 2010

Skulegut

Det var ein stolt gut, og ei stolt mamma, som gjekk til fyrste skuledag ved Omvikdalen Skule i dag!
Guten vakna kl 06.30, og lurte på om ikkje eg kunne ta på vekkerklokka, sånn at vi kunne stå opp! ( I går kveld var han svært oppteken av at vi måtte ha på vekkerklokka! Var vel livredd for at vi skulle forsove oss til ein sånn stor dag!)

Her er pulten hans. Framme ved vindauga. No er han klar til å gjere fyrste oppgåva: skrive namnet sitt og teikne noko frå ferien.

Han var strålande fornøyd då eg henta han ved skuleslutt. Han var nøgd med læraren og å få gå heim saman med kameraten og naboen sin.

Ein vellukka dag for alle.

tirsdag 17. august 2010

Brødboks


Då vi flytta, var eg forberedt på at eg fekk mindre skap-plass på kjøkkenet.   (Eg seie eg, for da e eg som bekymrar meg for slikt!!) Og eg oppdaga fort at eg trong alle skuffene, og ikkje ville ofra ei til brød. Hadde eg ein baktanke med den avgjersla?

Sjølvsagt hadde eg da! Eg hadde jo sett med ut denne brødboksen på Stemning. 

Eg tok difor turen til Margreta på Stemning. Og trur du ikkje ho hadde ein igjen!!! Og den var det ein liten bulk i, og mangla litt farge på den eine bokstaven. Så då fekk eg den til ein god pris i tillegg!!! Eit scoop alltså.

No står den på kjøkkendisken, framfor dei flotte krukkene vi fekk til bryllaupet. Og jammen meg matcha dei og.! Det var ein overraskelse!!

I morgon kjem det innlegg om skuleguten min. Han startar i 1. klasse i morgon!

mandag 16. august 2010

Gul krem kaka!


Sidan eg er i gang med kakeoppskrifter, så tar eg med den andre kaka eg baka i helga.

Gul krem eller suksess kake:

200 gram mandlar   hakkast
200 gram melis blandast med mandlane
1 ts bakepulver
5 eggekviter piskast stivt

Bland forsiktig saman. Hell det i ei smurt 24 cm form. Steik på 180 grader i ca 30 min. Avkjøl og ta den over på kakefat.

Kok opp 5 eggeplommer
2 dl kremfløyte
125 gram sukker.
Rør heile tida.

Når det koker, ta av plata. Ha oppi 125 gram meierismør. Rør til smøret er smelta. Avkjøl.

Fordel kremen på avkjølt kaka.

Eg har prøvt ulike måtar å ha på kremen, og har diverre ofta opplevd at nesten alt har rennt ned på kakefatet. No sist tok eg på ringen til kakeforma, før eg tok på kremen. Det gjekk bra.