lørdag 27. mars 2010

Nå er helgen kommet...



og eg har baka "lettvinte wienerbrød" som eg skal ha i fysen, klare til å ta opp når vi skal på påske-turar! For dei som vil prøve, kjem oppskrifta her:
150 gram margarin
1 dl sukker
1/2 ts salt
1 egg
50 gram gjær
5 del mjølk
13-15 dl kveitemjøl

Bland til passelig deig, og la den heve i 1 time. Del i 3 deler, og start som når du lagar skillingsbollar.


brett så eine delen inn mot midten, og den andre over, slik:


del opp i passelige stykker, og klipp med ei saks eit hull på midten.
vreng så dei eine enden gjennom klyppe-hullet, slik at dei ser slik ut. Etterhev i 30-40 min. Pensle med egg og steik på 220 grader, midt i ovnen i 8-10 min. Lykke te!

fredag 26. mars 2010

Og vinnaren er....

I dag var dagen eg skulle trekka lørdagsgodis skåla mi... og sidan mannen plutseli sku ut på noko øl drikking, så måtte eg trekka medan junior framleis var oppe! Og det var høgtidlige saker dette her du.

Og vinnaren er

Ein kollega denne gangen og. Gratulere så mykje. Her kan du sjå ka du kan glede deg te! E du på jobb på mandag???

mandag 22. mars 2010

Vil bare minne om...

Då vil eg bare minne om konkurransen min som blir trekt på fredag, når eg er vel heimkommen frå Bergen-by!

Trykk her viss du vil vere med! Ps. Til dåke som allerede er med: dåke får bare eit lodd kvar denne gangen!

søndag 21. mars 2010

Søndag!

Har du av og til følt at du skulle ønska den neste dagen aldri kom? Sånn kjenne eg da no! Eg skal til Bergen i anledning jobben min, i 4 dagar. Det er ikkje det kjekkaste med jobben, men absolutt ein del av den. Og no skal eg snart avgårde. Ikkje likar eg å vere vekke frå ungane i 4 dagar heller, men heldigvis er pappen heima denne gangen, så då er det greitt.

Men helga har vore fin den. No er all snøen vekke, og eg ser nye vårteikn overalt. Fuglakvitring kl 5 var det og i dag....det beskriv vel kanskje kva tid tullemor var våken idag?!



Denne flotte korga-lykta er det ein historie bak. Eg skulle innom på Stemning på fridagen min. Og utanfor stod det masse varer til minus 70 %. Eg såg denne lykta, og tenkte ." ka e da Margreta tenke på no??" og gjekk bort for å kapre denne. Men så var glasset som skal vere inni knust. Så eg måtte informere eigaren om dette. Så eg tok no turen inn for å kjøpe gevinst til jobblotteriet, og såg til min forskrekkelse at Margreta sku hiva heile greia. Så eg spurte rett og slett om å få den. Og da fekk eg. Mot at eg gjekk i glaskontaineren med det knuste ( da sa kje ho, men eg tilbydde meg da!) Så fann eg ein glasvase på blomabutikken som passa perfekt oppi! Lucky me alltså!

Heldige meg!

I går var heile familien ein tur til Odda. Ungane trengte nye regnkle og dress, støvlar og joggesko! Og sidan utvalget i Rosendal og Husnes er svært begrensa, tar vi turen til Storhaug i Odda når vi skal gjera sånne storinnkjøp! Der har dei alt, trur eg. Eg kjeme alltid heim med da eg ska, og litt til...

Og mens eg og lillemor sat på Peppes og lurte på kor gutane vart av, kom 5 åringen springande med ein pakke. Til meg? Ja, det var det!

Mamma fekk seg Ipod Nano. Gjett om eg vart glad. No kan eg ha med meg lydbok og musikk når eg neste veke skal til Bergen på jobb! Jippi!