lørdag 13. mars 2010

Ommøblering


I går kom pappen heim med bord og stolar frå Ikea favorittbutikken vår??, og då var montering det fyrste som vart gjort idag!
Og så var spørsmålet; kvar skal det stå? Rommet til snuppo vår e veldi lite, og uansett korleis vi snudde og vendte på da, blei da trongt!

Så vi endte opp med å ommøblere stova vår, og lage ein leikekrok i stova.
Vi snudde sofagruppa.(Beklagar at eg manglar før bilder, men alt skjedde så fort at eg rakk ikkje det.) Og sette bokhylla på den andre veggen, og vips....så fekk vi plass til kjøkkenet og bordgruppa til snuppo. Synst egentli det vart ganske bra!
Det vart romslegare på ein måte.
Og til slutt eit bilde av korga eg kjøpe på Stemning for ei stund sidan, som eg har tepper i. Den va sjølvsagt til halv pris! Eg digge halv pris!

Og til naboen min vil eg bare sei at eg synst nesten at da blir litt sunnare når det er på tilbud!!!! Eg prøvte meg på ein tur te Aterstad idag, men der var komme nysnø, så da blei stopp før den brattaste bakken. ja, ja, prøvte no iallefall!


fredag 12. mars 2010

Fredda`n

I dag kunne eg fortalt dåke om då eg oppdaga at Ica hadde eit knalltilbud på Nidar Favoritter, og eg nesten tok ein handbrekksladd på Husnes, for å komma meg inn der....for så å oppdaga at dei va nesten tomme!! men at eg klarte å kapra 3 posar. Men då ville dåke trudd at eg var litt gal, og at eg ikkje hadde godt av meir sjokolade. Og eg fortel heller ikkje at eg no har 8 sjokoladeplater i skåpet, forda da har vore nesten halv pris på dei på Spar og Rimi...nei, då vil dåke tru at eg kan " gå over lik for eit tilbud"....

Så eg fortel dåke heller at mannen snart kjem heim, med hyller frå Ikea til lillesnuppa mi. Så ho mor skal stasje  da vetla rommet hennas i måro. I tillegg til å mala den nye tallerkenhyllo mi! Oh yes!

Så ha ein fin fredag alle saman!

torsdag 11. mars 2010

Puma


Veslesnuppa har fått seg Puma sko! Mammo digge Puma, og då må jo småttisane få da og...eller? Joda, og snuppelillemor har gått med dei sidan dei kom i posten!

Så no kan våren bare komma! Vi e klare!

onsdag 10. mars 2010

Fulltreffar

Bursdagspresangen til prinsesso var ein fulltreffar! Ho serverte kaka og anna mat heile bursdagen sin!
Ho kokte egg og kakka dei for å skrella dei...da gjekk ikkje, men da tok ho med eit smil! Tv-en tålte heldigvis at ho heiv egget på den og....men da ska vi ikkje fortelja til pappen...
Men ho har litt å lære når vi kjem til opprydding etter baking og koking....
Kako smakte fortreffelig! No ventar vi bare på at pappen skal komma heim frå Ikea med bord og stolar! Takk til Hilde som var så grei å bytta da han kjøpte fyrst...rosa plastbord va ikkje da ho mor hadde sett for seg!

No e da fridag her. Fyrst litt støvsuging, lesa blad på sofaen og kafe med min kjære gravide nabo!!

mandag 8. mars 2010

Bursdagsfest 2

I dag er vetlajento mi blitt 2 år! Og da vart sjølvsagt feira som ein 2 års dag skal feirast!!

Sånn vart gjestene ønska velkommen til bords!
Pølse i brød og pizzasnurrar høyrer med, saman med skulebollar og muffins. Ingenting skal sparast på i ein sånn anledning!
Verdens finaste 2 åring, med KJOLE og kruna, og cola i glaset!

Vi e superglad i deg, vesle 2 åringen vår!!

søndag 7. mars 2010

Påske-konkurranse

No e da ikkje lenge til påske! Og i den anledning skal eg ha ein liten påske-konkurranse!! Premien er ikkje Maileg-egg som eg prøvte å få tak i...men denne skjønne lørdagsgodis-skåla! Den skal fyllast med påskesnop til den som vinn. Men for at det ikkje skal bli støvete før den tid, ventar eg med å ta det oppi!!

Alt DU treng å gjere er å legge igjen ein kommentar hos meg!

Trekning blir fredag 26. mars 2010!