onsdag 29. juli 2009

Madonna!!

Då var eg klar til å reisa te Oslo, Valle Hovin og Madonna! Gler meg sjukt! Har lagt masse Madonna-musikk på Mp3 spelaren, som skal koblast opp på anlegget til Reidunn når 4 jenter tar ut! Ska komma med referat etterpå! God helg alle saman!

Bildet har eg "lånt" fra Vg Nett frå konserten Madonna hadde tysdag!!

mandag 27. juli 2009

Safting


I dag stod safting på programmet. Eg er så heldig å ha ei mamma med masse bær-buskar. Så då får eg lov å plukka så mykje eg vil, og som god husmor eg er, så saftar og syltar eg. Frysen er stappfull av syltety, jordbær og bringebær. Og no kjeme safto oppi og.
Eg blanda rips og bringebær. Safta frys eg. Då slepp eg konserveringsmiddel, og den smakar ferskare når vi tar den opp. Held seg ikkje så lenge etter at den er tint, men den blir fort oppdrukken likavel...

Saftkokaren stod igjen når mannen kjøpte huset, og ingen har sakna den. Så no er den Fru Hus Hansen si !